lørdag 14. mai 2011

Test av Yosemite ATB (Biltema)

Ein komplett sykkel til 749,- kr seier du? Det var billig.... Men er den noko tess?
Eg bestemte meg for å finne det ut.
Heldigvis hadde min onkel (Ragnar) kjøpt ein fra fjordårets parti, og skrudd den saman, slik at eg slapp å gjøre dette. (Takk til onkel Ragnar for lån av sykkel).


Utseendet er jo veldig spesielt. Den har et metroseksuelt design, siden den kan minne både om ein herresykkel og ein damesykkel. Fargene er behagelige, og rammen virker lett.
Det som derimot gir sykkelen litt vekt er styret. Sannsynligvis hjulene også.
Hjulene manglet ein del luft da eg skulle prøve den, så eg fant fram sykkelpumpa  som onkelen min OG hadde kjøpt på Biltema. Enten må denne sykkelpumpa være noko av det mest mislykka produktet i heile verda, eller så gjorde eg ALT feil. Eg holdt på i 40 minutter, og det virka som om pumpa sugde ut meir luft enn den pumpa inn. Til slutt gav eg opp og fant ut at eg fekk sykle til nærmeste bensinstasjon for å fylle luft der.

Denne sykkelen vart kjøpt i fjor, og har stått innendørs heile vinteren. Sannsynlegvis heile året.
Kjelleren har ikkje nokon spesiell ventilasjon, men er ikkje spesielt fuktig heller.
Grunnen til at eg nevner dette er at sjølv om sykkelen var oppbevart innendørs, hadde det allerede dukka opp ein del rust på den.

Rustne skruer
Rustne bremser



Rust på kjedet (som var godt olja)

Med andre ord så er det vel et tegn på at det kanskje ikkje er det ypperste innen rustfritt stål som har vore nytta på denne sykkelen. Men med tanke på prisen, kunne man kanskje investere i dyrere deler på den, og skifte ut det som ruster... Men da forsvinner litt av konseptet rundt sjølve sykkelen. 

Sjølve sykkelturen:
Ja. For ikkje å danse meir rundt grøten, skal eg fortelle litt om korleis sykkelen fungerte i praksis. Det er jo tross alt ein viktig del av ein sykkeltest.
Sjå Sjølve turen på et større kart med fleire detaljar.


Første delen av turen gjekk ikkje særleg fort. Dette var sjølvsagt fordi eg hadde lite luft i dekkene, og dette hindra meg i å være Lance Armstrong. Eg kjente at eg godt kunne ha montert setet litt høgare opp, men oppdaga at denne operasjonen krevde ein umbraconøkkel. Siden dette ikkje var noko eg hadde med meg, vart eg sittande litt for lavt. Heldigvis ikkje så lavt at eg ikkje klarte å sykle med det. 
Giret responderte raskt i begynnelsen, og eg kunne gire ved å vri håndtaket fram og tilbake. Sjølv om tallene på styret ikkje stemte overens med giret eg brukte, var det enkelt å gire opp og ned. Helt til eg hadde kommet over den første bakken og skulle nyte min første nedoverbakke. Då klarte eg ikkje å få giret på venstre hand opp i 3-gir. Etter litt febrilsk trøing, kombinert med opp- og nedgiring fekk eg endelig lurt jævelen opp i tredje. Måtte gire litt med giret på høgre side før eg klarte å få gira om.

Når eg hadde komme fram til Skei fekk eg fylt luft i dekkene, og kunne endeleg få litt fart på sakene.
Sykla på ein landeveg, og nok ein gong hadde eg problemer med å få giret opp i tredje. Etter mykje om og men fekk eg det til. Eg fann ut at teknikken var å gire febrilsk med begge girene samtidig, og presse "det lille ekstra" på giret så fekk eg flytta kjedet det ekstra hakket som gjorde at hjula faktisk gjekk rundt når eg trødde.

Dette KAN være fordi onkelen min ikkje hadde montert giret skikkelig, men sannsynligvis ville han ha nekta for dette. Det kan og ha vore at vaieren har utvida seg når den har stått for lenge. Ikkje veit eg. Alt i alt var sykkelen heilt greit å sykle på. Eg vart forbikjørt av ei framand jente, som eg tok igjen og kjørte forbi (vi holdt på slik et par ganger) før ho forsvant i horisonten ein stad då eg bestemte meg for å snu.
Hjulene trilla overraskende bra når det hadde fått luft i seg, og styret var forsåvidt greit å holde i.
Merka at det var tungt å trø, men dette kan skuldast at eg ikkje hadde justert ein optimal setehøgde.

Alt i alt gjekk det jo fint an å bruke denne sykkelen til sykling. Den var ikkje særleg mykje dårligere enn forventa, sjøl om eg vart litt skuffa når eg såg at den allerede hadde begynt å ruste.

Det er IKKJE ein terrengsykkel, i og med at den ikkje har nokon slags form for demping på gaffelen. Dei medfølgende dekkene er laga for asfalt, og stort sett det. Men dei var heilt ok.
Dette er kanskje sykkelen for den som skal ha ein sykkel for å sykle til og fra ein kiosk, eller noko. Og som har mulighet for å oppbevare den tørt. Det er IKKJE ein sykkel for den som ønsker å bruke den aktivt.
Men heilt grei å ha ståande i eit feriehus (som onkelen min har gjort).

Men 749,- kr for ein sykkel er grisebillig. sykkelskjorta eg hadde på meg når eg testa den var dyrare enn sjølve sykkelen.

Men eg trur ikkje eg vil råde nokon til å kjøpe den. Da får du sikkert ein bruktsykkel på finn.no  som held seg bedre, og som man kan pusse opp ved å kjøpe et par billige deler til (om det skulle være behov for det).

BONUS: Test av div tilbehør fra Biltema!

Siden eg ikkje er heime i Bergen og hadde tilgang til utstyret eg har heime, var eg innom Biltema i Førde i går for å sjå på sykkelen eg skulle bruke i dag. Då kom eg over et par sykkelhansker til kr 79,-
Billig. Dei virka heilt ok. Ikkje på nivå med hanskene eg har i Bergen, men dei kosta til gjengjeld 9 gonger så mykje. I følge beskrivelsen skal desse hanskene ha  ei overside av 3D netting og fleece. Innerhånd belagt med polstret amara. No veit ikkje eg kva 3D-netting og armara er, men det er sikkert greit å ha. Iallefall til 79,- kr. Dei var heilt ok å ha på. Lillefingeren på venstre hånd sovna på turen, men eg veit ikkje om dette var pgra hanskene eller pga sykkelstyret på Yoshemite ATB.

Eg kom OG over ein hendig liten "drikkesekk" som dei kallar det på Biltema. Denne kosta 159,- kr og var ein kopi av den velkjente Camelbak(TM)-sekken.
Den var behagelig å ha på, og den var isolert innvendig slik at kroppen min ikkje varma opp vatnet. Fungerte glimrende, og var kjekk å ha. Om den kjem til å vare lenge, veit eg ikkje. Men den fungerte.

Den kan trygt anbefales til alle som synes at originalen er for dyr.
Det einaste negative er at det står Biltema på ryggen min når eg har den på, og det gir jo et intrykk av at eg har kjøpt den fordi den er billig.... Noko som i og for seg stemmer ganske bra.

Den inneholder 2 liter vatn, og sjølve drikkeposen kan fjernes for så å putte i ein vanlig sekk om man ønsker dette. Ingen lekasje vart oppdaget då eg brukte den, så eg går ut i fra at den er tett.


Test av Yosemite (Biltema) ATB
Created by My Tracks on Android.
Total Distance: 20,17 km (12,5 mi)
Total Time: 1:05:42
Moving Time: 59:56
Average Speed: 18,42 km/h (11,4 mi/h)
Average Moving Speed: 20,19 km/h (12,5 mi/h)
Max Speed: 38,87 km/h (24,2 mi/h)
Min Elevation: 247 m (810 ft)
Max Elevation: 276 m (905 ft)
Elevation Gain: 159 m (521 ft)
Max Grade: 5 %
Min Grade: -6 %
Recorded: lør. mai 14 13:01:35 GMT+02:00 2011
Activity type: cycling





Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar