onsdag 4. mai 2011

Sykkeltur (igjen)


Sjå turen Fyllingsdalen (som eg kalte turen) i et større kart...


Eg har sykla igjen. 
Turen på 19,12 km tok en time. Snittfart på 18,76 og med en toppfart på 46,94 km/h
Samla stigning på 358, og det laveste punktet eg var på var 41m og det høgaste var på 192 m.


Etter at turen var over var eg innom BOA Sykler og XXL.
På BOA hadde dei ikkje tid til å hjelpe meg, men eg kjøpte et par sykkelhansker likevel.

Så stakk eg til XXL (hadde tenkt å prøve G-Sport, men der var parkeringsplassen vekke) og fekk hjelp til å skifte håndtak på sykkelen min (dei gamle gjekk i oppløsning).

Når eg sto der, fann eg ut at eg likegodt kunne oppgradere sykkelen med et par kontaktdekk. Continental og greier....
Kjøpte meg sykkelhjelm også. Denne har eg ikkje tatt bilde av.
Så NO begynner eg å likne på ein ekte atlet, trur eg. Sykkelbukse, hjelm, hansker og tynne dekk. Blir eg ikkje sykkelproff no, så veit ikkje eg.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar