mandag 30. mai 2011

Test av Creative HS-730i


Som ivrig tilhenger av mitt Monster Turbine headset er det ikkje mange hodetelefoner som har frista meg. Men behovet for ein mikrofon på headsettet har vist seg nyttig fleire gonger. B.l.a når eg sykler.  Da er ofte telefonen trygt plassert i baklomma, og derfor ganske vanskeleg å få tak i når ein skal svare.

I ein periode har eg brukt headsettet som fulgte med min Galaxy Tab.
Et forøvrig heilt greit headset med begrensa støydemping og lydkvalitet.

Så det var med stor iver eg pakka opp mitt nye HS-730i fra Creative
Settet har svarknapp på mikrofonen, behagelige puter som går inn i ørene og en meget god støydemping.
Det skal seiast at konstruksjonen er ganske tett, og det har både sine fordeler og bakdeler.
Fordelene er at man isolerer vekk ein del støy. Då trenger man ikkje å ha lyden så høgt på, for at man skal kunne få ein god lytteopplevelse. Og lyden er bra. Spesielt med tanke på den lave prisen.
Bakdelen er at man kan ved hard trening oppleve at man hører lyden av sitt eget hjerte, og om man dunker ting borti kabelen kan man høre dette veldig godt. Kanskje ikkje så plagsomt på sykkel, men til jogging trur eg at headset som ikkje går inni hodet er ei bedre løysing.

Uansett.... Her er dei oppgitte tekniske spesifikasjonene:

Tekniske spesifikasjoner
  • Hodetelefoner
    • Drivere: 9 mm neodymdriver
    • Frekvensgang: 6 Hz ~ 23 kHz
    • Impedans: 16 ohm
    • Følsomhet (1 kHz): 106 dB/mW
  • Mikrofon
    • Impedans: 2,2 k ohm
    • Ledningslengde: 1,2 m oksygenfri kobber
    • Nettovekt: 11 g 
Med ei såpass lav frekvensgang burde opplevelsen av bass være tilstrekkelig.
Death Cab For Cutie sitt nye album høres bassen uanstrengt og naturlig ut. Om mulig litt "s"-lyder i vokalen, men det kan være pga bitraten på Spotify. 
Satte på Prodigy med Breathe, Charly og 3 Kilos for å sjekke om den takler litt meir "unaturlig" bass. 
Det høres bra ut. 
Johnny Cash sin stemme høres også uanstrengt og grei ut. 
Eg testa den også på et par mp3-filer som eg har kjøpt via iTunes. Man kan høre forskjell på desse, og Spotify. Noko som ikkje er like enkelt på hodetelefonene som fulgte med min HTC Desire eller min Galaxy Tab. 

Med andre ord gir dette headsettet god lyd for den som ikkje ønsker å bruke over 500,- kr på et headset

Kva kva er i øskja, høyrer eg dykk spørje!


Jo. Det skal eg fortelje.


  • Ett Creative HS-730i-headesett


  • Eit par øyreproppar i størrelse S, M og L


  • Ein 2,5 mm Nokia-adapterkabel


  • Ein 3,5 mm Nokia-adapterkabel


  • Ein PC-adapterkabel




  • 3 forskjellige øyreproppar er bra. Med andre ord kan man tilpasse til ein viss grad kor godt headsettet skal sitte i ørene dine. Sjølv om eg har ganske store ører, og plar bruke større proppar på mine andre headset fann eg ut at dei nest minste passa bra.Ganske praktisk, siden dei allerede var montert på då eg åpna eska.
    Om du merker at lyden er dårleg, og at du nesten ikkje høyrer bass i det heile, har du valgt feil størrelse på proppene. Høyrer du ingenting er det på tide å vaske øyrene grundig med Q-tips. Er du døv, skjønner eg ikkje kvifor du les ein anmeldelse av eit sett med hodetelefoner.

    PC-adapterkabelen gjør det mulig å kople dette headsettet til ein PC og chatte via Skype. Eg kjenner 3 stk som bruker Skype, så for meg er denne funksjonen så og seie meiningslaus. Men for dei 3 som bruker Skype er dette sikkert ein dritbra feature.
    Nokia-adapterkablene har eg ikkje fått testa ut, siden vi lever i 2011 og eg ikkje har brukt Nokia siden 2003. Herre min hatt eg byrjar å dra på åra.

    Men eg har testa den både på ein HTC Desire og ein Galaxy Tab. Ikkje at eg merka forskjellen i lyden på desse to, men skal man først teste så skal man jo teste skikkeleg!

    Ellers var det ein bruksanvisning med (som eg ikkje har lest). Den åtvara bla. mot å bruke dette headsettet når man kjører bil. Sikkert fordi man ikkje høyrer ein drit av det som skjer rundt deg.
    Det er mao. ikkje eit headset du stappar i øyrene når du skal på biltur. Du kan sikkert bruke det i bilen, men då må du ha det eine øyret fritt.

    Motorpsycho sitt livealbum "Heavy metal iz a poze, hardt rock iz a leifschteil" høres heller ikkje ille ut. 


    Eg trur eg kjem til å like dette headsettet bedre og bedre. Må prøve å få spillt det skikkelig inn over tid. Da blir nok lyden enda bedre. Akkurat no virker det litt "stivt" i diskanten, men det pleier dei fleste headset å gjøre når dei er heilt nye. 


    Uansett så er lyden meir enn bra nok. Og som eg nevnte over er dette et headset i den lavere prisklasse, og det blir feil å sammenligne lyden med dyrere headset som Monster sine Turbines. Men eg har ingen problemer med å sammenligne det med Koss sine velkjente Porta Pro. Da er mellomtonen på desse hakket bedre, vil eg tørre å påstå. 


    Men kva i helvete er prisen, høyrer eg dykk spørre.... Og eg er ikkje heilt sikker. 
    kelkoo sine sider får eg opp ein foreløpig pris på 476,- ikl frakt. Og det er desse hodetelefone definitivt verdt. 
    Kva pris blir ute i butikk veit eg ikkje enda, men eg går ut i fra at du kan finne dei ute i hyllene i løpet av kort tid. 


    Konklusjon:


    Om du ikkje allerde har fått det med deg, kan eg godt oppsummere intrykket mitt enda ein gong! 
    Headsettet er bra. Det er mykje god lyd for pengene. 
    Det har god støydemping, som er bra for hørselen (om man husker å skru ned lyden før man setter dei på første gong), men som kan være plagsomt når man jogger eller anstrenger seg fysisk. Eg satt på ein ergometersykkel og gav "alt" medan eg såg på ein serie på min Galaxy Tab og då opplevde eg at lyden av mitt eige hjerte laga ein interessant bi-lyd i serien. Først trudde eg det var ein del av spenningsmusikken, men fann ut at når spenninga var over fortsatte dunkinga.
    Om man høyrer musikk uten for mykje kunstpauser, trur eg ikkje dette er eit problem. Men i filmer/serier med mykje dialog kan det oppleves som forstyrrende. No er det sikkert berre eg som ser på film medan eg cardiotrener ræva av meg på ein sykkel, men når ein først har muligheten til å kunne gjøre det ser eg ingen grunn til å la være. 



    Men det er ingen tvil om at Creative ønsker å gi kundene et produkt som gir mykje for pengane, og det skal dei ha. Eg har ikkje testa dei to modellene som er dyrare, men eg går ut i fra at lydtbildet på desse vil være noko klårare. 


    Og til glede for våre tyske lesarar har eg fått tak i ein tysk anmeldelse av produktet som du kan sjå ved å klikke på biletet under. 




    Ingen kommentarer:

    Legg inn en kommentar