søndag 10. juli 2011

3 veker i Jølster

Ja. Da var ferien straks forbi, og det er på tide å komme seg tilbake til kvardagen.

Vi har hatt det veldig fint, og eg har fått sykla mykje. Verre er det med ting som skulle ha blitt gjort.
Men eg har fått unna litt av det, så eg har god samvittighet.

(Legger ved et par bilder.)

Har sykla Jølstravatnet rundt et par ganger med min nye sykkel.


Har dessuten vore i Helgheimsdalen, Fossheimsdalen, Stardalen, Årdalsdalen og Ålhusdalen. På sykkel.



Jostein og Ingrid har vore fleire turer i dalen.
Været har vore såsomså.... Men vi har kosa oss fordiom.
Eg har ikkje drukket melk på 3 veker.
Trur eg har utvikla en intoleranse for melk dei siste åra. Trur eg. Eg prøver. Kjipt om det stemmer. Eg elsker ost. Ost og melk.
Likevel.... Eg prøver å leve uten. Ser om det hjelper.








Paul, Nina, Liv, Muttern og Sonja har vore på besøk også.

Paul har laga et rammelerret til meg. Funka som berre det.
Malte det med Jotun (glans: 2) s2500 om du vil kopiere ideen.
Uansett så har det vore en bra ferie. Sjøl om vaskemaskina gikk til helvete og ødela alle sykkelklærne mine.
Men no har vi ny vaskemaskin. Og lerret. Og eg må ha nye sykkelklær.
Forsøkte å bestille nokon fra England (http://www.tenn-outdoors.co.uk/). Vi får sjå korleis det går.
Uansett har det vore eit par begivenhetsrike veker, og alt det der.
Meeeeen.... Ja.
Masse film, god øl og bart.







lørdag 4. juni 2011

Jølstravatnet rundt


Jølstravatnet Rundt med lånt sykkel denne gongen. Takk til Inge Holsen for lån av sykkel. Det er kjekt at det fortsatt finnes folk som låner vekk ting. Ein klem ventar i posten.

Heile turen kan følgast ved å trykke på den fancy linken over.....

Jostein Gabriel har fått gaver






Når eg kom heim fra jobb på fredag hadde eg med 2 gåver til Jostein Gabriel.


Den eine gåva vart han meir glad for enn den andre. 
Han fekk ein fin liten refleksvest som han kan ha på seg når vi går tur langs veien, og når han er ute og luftar seg sjøl på kveldstid. Praktisk, men ein ganske kjedeleg gåve. 

Derfor hadde eg ein ekstra overraskelse som han fekk like etterpå. Då var det stor stas, og alt det der. 

Om dykk er interessert i å kjøpe samme ballen (eller refleksvesten) kan den skaffast på Rema1000 og begge kostar 30 kr.

Og om ballen er verdt pengane svarer vel den vedlagte videoen på utan nevneverdige problemer. 

mandag 30. mai 2011

Ingrid lager mandagspizza


Siden det er mandag i dag, og mandager ofte er litt triste så bestemte vi oss for å lage pizza.
Oppskrift på deig fikk jeg hefra. Dette er en side som har mange fine oppskrifter. De lager også mat på youtube.

Jeg valgte å bytte ut halvparten av melet med sammalt mel siden det er greit med litt ekstra fiber i starten av uken. Ellers er det bare å hive på pizzaen det man måtte ønske.

Her vises pizzaen i ustekt format med assortert fyll, bl. a. serranoskinke, cherrytomat, oliven, rødløk og aromasopp.

Etter 10 minutter i ovnen kunne pizzaen nytes med et dryss av ruccula over, og den smakte helt fortreffelig. Nam nam.



Test av Creative HS-730i


Som ivrig tilhenger av mitt Monster Turbine headset er det ikkje mange hodetelefoner som har frista meg. Men behovet for ein mikrofon på headsettet har vist seg nyttig fleire gonger. B.l.a når eg sykler.  Da er ofte telefonen trygt plassert i baklomma, og derfor ganske vanskeleg å få tak i når ein skal svare.

I ein periode har eg brukt headsettet som fulgte med min Galaxy Tab.
Et forøvrig heilt greit headset med begrensa støydemping og lydkvalitet.

Så det var med stor iver eg pakka opp mitt nye HS-730i fra Creative
Settet har svarknapp på mikrofonen, behagelige puter som går inn i ørene og en meget god støydemping.
Det skal seiast at konstruksjonen er ganske tett, og det har både sine fordeler og bakdeler.
Fordelene er at man isolerer vekk ein del støy. Då trenger man ikkje å ha lyden så høgt på, for at man skal kunne få ein god lytteopplevelse. Og lyden er bra. Spesielt med tanke på den lave prisen.
Bakdelen er at man kan ved hard trening oppleve at man hører lyden av sitt eget hjerte, og om man dunker ting borti kabelen kan man høre dette veldig godt. Kanskje ikkje så plagsomt på sykkel, men til jogging trur eg at headset som ikkje går inni hodet er ei bedre løysing.

Uansett.... Her er dei oppgitte tekniske spesifikasjonene:

Tekniske spesifikasjoner
  • Hodetelefoner
    • Drivere: 9 mm neodymdriver
    • Frekvensgang: 6 Hz ~ 23 kHz
    • Impedans: 16 ohm
    • Følsomhet (1 kHz): 106 dB/mW
  • Mikrofon
    • Impedans: 2,2 k ohm
    • Ledningslengde: 1,2 m oksygenfri kobber
    • Nettovekt: 11 g 
Med ei såpass lav frekvensgang burde opplevelsen av bass være tilstrekkelig.
Death Cab For Cutie sitt nye album høres bassen uanstrengt og naturlig ut. Om mulig litt "s"-lyder i vokalen, men det kan være pga bitraten på Spotify. 
Satte på Prodigy med Breathe, Charly og 3 Kilos for å sjekke om den takler litt meir "unaturlig" bass. 
Det høres bra ut. 
Johnny Cash sin stemme høres også uanstrengt og grei ut. 
Eg testa den også på et par mp3-filer som eg har kjøpt via iTunes. Man kan høre forskjell på desse, og Spotify. Noko som ikkje er like enkelt på hodetelefonene som fulgte med min HTC Desire eller min Galaxy Tab. 

Med andre ord gir dette headsettet god lyd for den som ikkje ønsker å bruke over 500,- kr på et headset

Kva kva er i øskja, høyrer eg dykk spørje!


Jo. Det skal eg fortelje.


  • Ett Creative HS-730i-headesett


  • Eit par øyreproppar i størrelse S, M og L


  • Ein 2,5 mm Nokia-adapterkabel


  • Ein 3,5 mm Nokia-adapterkabel


  • Ein PC-adapterkabel




  • 3 forskjellige øyreproppar er bra. Med andre ord kan man tilpasse til ein viss grad kor godt headsettet skal sitte i ørene dine. Sjølv om eg har ganske store ører, og plar bruke større proppar på mine andre headset fann eg ut at dei nest minste passa bra.Ganske praktisk, siden dei allerede var montert på då eg åpna eska.
    Om du merker at lyden er dårleg, og at du nesten ikkje høyrer bass i det heile, har du valgt feil størrelse på proppene. Høyrer du ingenting er det på tide å vaske øyrene grundig med Q-tips. Er du døv, skjønner eg ikkje kvifor du les ein anmeldelse av eit sett med hodetelefoner.

    PC-adapterkabelen gjør det mulig å kople dette headsettet til ein PC og chatte via Skype. Eg kjenner 3 stk som bruker Skype, så for meg er denne funksjonen så og seie meiningslaus. Men for dei 3 som bruker Skype er dette sikkert ein dritbra feature.
    Nokia-adapterkablene har eg ikkje fått testa ut, siden vi lever i 2011 og eg ikkje har brukt Nokia siden 2003. Herre min hatt eg byrjar å dra på åra.

    Men eg har testa den både på ein HTC Desire og ein Galaxy Tab. Ikkje at eg merka forskjellen i lyden på desse to, men skal man først teste så skal man jo teste skikkeleg!

    Ellers var det ein bruksanvisning med (som eg ikkje har lest). Den åtvara bla. mot å bruke dette headsettet når man kjører bil. Sikkert fordi man ikkje høyrer ein drit av det som skjer rundt deg.
    Det er mao. ikkje eit headset du stappar i øyrene når du skal på biltur. Du kan sikkert bruke det i bilen, men då må du ha det eine øyret fritt.

    Motorpsycho sitt livealbum "Heavy metal iz a poze, hardt rock iz a leifschteil" høres heller ikkje ille ut. 


    Eg trur eg kjem til å like dette headsettet bedre og bedre. Må prøve å få spillt det skikkelig inn over tid. Da blir nok lyden enda bedre. Akkurat no virker det litt "stivt" i diskanten, men det pleier dei fleste headset å gjøre når dei er heilt nye. 


    Uansett så er lyden meir enn bra nok. Og som eg nevnte over er dette et headset i den lavere prisklasse, og det blir feil å sammenligne lyden med dyrere headset som Monster sine Turbines. Men eg har ingen problemer med å sammenligne det med Koss sine velkjente Porta Pro. Da er mellomtonen på desse hakket bedre, vil eg tørre å påstå. 


    Men kva i helvete er prisen, høyrer eg dykk spørre.... Og eg er ikkje heilt sikker. 
    kelkoo sine sider får eg opp ein foreløpig pris på 476,- ikl frakt. Og det er desse hodetelefone definitivt verdt. 
    Kva pris blir ute i butikk veit eg ikkje enda, men eg går ut i fra at du kan finne dei ute i hyllene i løpet av kort tid. 


    Konklusjon:


    Om du ikkje allerde har fått det med deg, kan eg godt oppsummere intrykket mitt enda ein gong! 
    Headsettet er bra. Det er mykje god lyd for pengene. 
    Det har god støydemping, som er bra for hørselen (om man husker å skru ned lyden før man setter dei på første gong), men som kan være plagsomt når man jogger eller anstrenger seg fysisk. Eg satt på ein ergometersykkel og gav "alt" medan eg såg på ein serie på min Galaxy Tab og då opplevde eg at lyden av mitt eige hjerte laga ein interessant bi-lyd i serien. Først trudde eg det var ein del av spenningsmusikken, men fann ut at når spenninga var over fortsatte dunkinga.
    Om man høyrer musikk uten for mykje kunstpauser, trur eg ikkje dette er eit problem. Men i filmer/serier med mykje dialog kan det oppleves som forstyrrende. No er det sikkert berre eg som ser på film medan eg cardiotrener ræva av meg på ein sykkel, men når ein først har muligheten til å kunne gjøre det ser eg ingen grunn til å la være. 



    Men det er ingen tvil om at Creative ønsker å gi kundene et produkt som gir mykje for pengane, og det skal dei ha. Eg har ikkje testa dei to modellene som er dyrare, men eg går ut i fra at lydtbildet på desse vil være noko klårare. 


    Og til glede for våre tyske lesarar har eg fått tak i ein tysk anmeldelse av produktet som du kan sjå ved å klikke på biletet under. 




    fredag 27. mai 2011

    Ny bil

    No er eg i Oslo etter en meget hyggelig uke på Elektrofil utenfor Stokke.
    Venter på telefon fra Bilia, og et klarsignal på at bilen er klar for henting.
    Har ventet på bilen siden desember (skriver dette 27 mai), så det er litt stas.
    Sjølvsagt er det en lang reise (Oslo-Bergen) foran meg, men bak rattet på ein blodfersk Volvo V60 tipper eg at dette kjem til å gå veldig bra!
    Gleder meg til å sjå både Ingrid og Jostein igjen, merker eg.
    Når man er konstant på jobb i fem dager merker man ikkje så mykje til slike ting, men når det et over merker man savnet.
    DER ringte forhandleren! Bilen er klar. Eg setter kursen mot Fornebu.
    Klokka er 12.15
    Buss nr 31fra Nasjonalteateret.
    Flaut å innrømme det, men eg hadde ikkje peiling på kvar Nationaltheateret er. Eg har aldri i mitt liv hatt behov for å vite dette før, så det var svært deilig å ha Google Maps tilgjengeleg i dette høvet.
    Nokon pønkarar demonstrerte på spikersuppa, så eg fekk hjelp av ein hyggeleg politimann fra antiterrorberedskapsgruppa til å finne veien til busshaldeplassen.
    Det viser seg for at eg har vandra forbi Nationaltheateret fleire gonger før, men eg har aldri lagt merke til det.
    Ein fyr med trillekoffert delte ut gratis kaffe fra Starbucks. Takk for det.














    Da sitter eg i bilen. Den lukter nybil. Det er ei eiga lukt.
    Mobilen er kopla til, og er klar til avspark.
    Setter øyeblikkelig kurs mot Bergen, og gleder meg :-)






    lørdag 14. mai 2011

    Test av Yosemite ATB (Biltema)

    Ein komplett sykkel til 749,- kr seier du? Det var billig.... Men er den noko tess?
    Eg bestemte meg for å finne det ut.
    Heldigvis hadde min onkel (Ragnar) kjøpt ein fra fjordårets parti, og skrudd den saman, slik at eg slapp å gjøre dette. (Takk til onkel Ragnar for lån av sykkel).


    Utseendet er jo veldig spesielt. Den har et metroseksuelt design, siden den kan minne både om ein herresykkel og ein damesykkel. Fargene er behagelige, og rammen virker lett.
    Det som derimot gir sykkelen litt vekt er styret. Sannsynligvis hjulene også.
    Hjulene manglet ein del luft da eg skulle prøve den, så eg fant fram sykkelpumpa  som onkelen min OG hadde kjøpt på Biltema. Enten må denne sykkelpumpa være noko av det mest mislykka produktet i heile verda, eller så gjorde eg ALT feil. Eg holdt på i 40 minutter, og det virka som om pumpa sugde ut meir luft enn den pumpa inn. Til slutt gav eg opp og fant ut at eg fekk sykle til nærmeste bensinstasjon for å fylle luft der.

    Denne sykkelen vart kjøpt i fjor, og har stått innendørs heile vinteren. Sannsynlegvis heile året.
    Kjelleren har ikkje nokon spesiell ventilasjon, men er ikkje spesielt fuktig heller.
    Grunnen til at eg nevner dette er at sjølv om sykkelen var oppbevart innendørs, hadde det allerede dukka opp ein del rust på den.

    Rustne skruer
    Rustne bremser



    Rust på kjedet (som var godt olja)

    Med andre ord så er det vel et tegn på at det kanskje ikkje er det ypperste innen rustfritt stål som har vore nytta på denne sykkelen. Men med tanke på prisen, kunne man kanskje investere i dyrere deler på den, og skifte ut det som ruster... Men da forsvinner litt av konseptet rundt sjølve sykkelen. 

    Sjølve sykkelturen:
    Ja. For ikkje å danse meir rundt grøten, skal eg fortelle litt om korleis sykkelen fungerte i praksis. Det er jo tross alt ein viktig del av ein sykkeltest.
    Sjå Sjølve turen på et større kart med fleire detaljar.


    Første delen av turen gjekk ikkje særleg fort. Dette var sjølvsagt fordi eg hadde lite luft i dekkene, og dette hindra meg i å være Lance Armstrong. Eg kjente at eg godt kunne ha montert setet litt høgare opp, men oppdaga at denne operasjonen krevde ein umbraconøkkel. Siden dette ikkje var noko eg hadde med meg, vart eg sittande litt for lavt. Heldigvis ikkje så lavt at eg ikkje klarte å sykle med det. 
    Giret responderte raskt i begynnelsen, og eg kunne gire ved å vri håndtaket fram og tilbake. Sjølv om tallene på styret ikkje stemte overens med giret eg brukte, var det enkelt å gire opp og ned. Helt til eg hadde kommet over den første bakken og skulle nyte min første nedoverbakke. Då klarte eg ikkje å få giret på venstre hand opp i 3-gir. Etter litt febrilsk trøing, kombinert med opp- og nedgiring fekk eg endelig lurt jævelen opp i tredje. Måtte gire litt med giret på høgre side før eg klarte å få gira om.

    Når eg hadde komme fram til Skei fekk eg fylt luft i dekkene, og kunne endeleg få litt fart på sakene.
    Sykla på ein landeveg, og nok ein gong hadde eg problemer med å få giret opp i tredje. Etter mykje om og men fekk eg det til. Eg fann ut at teknikken var å gire febrilsk med begge girene samtidig, og presse "det lille ekstra" på giret så fekk eg flytta kjedet det ekstra hakket som gjorde at hjula faktisk gjekk rundt når eg trødde.

    Dette KAN være fordi onkelen min ikkje hadde montert giret skikkelig, men sannsynligvis ville han ha nekta for dette. Det kan og ha vore at vaieren har utvida seg når den har stått for lenge. Ikkje veit eg. Alt i alt var sykkelen heilt greit å sykle på. Eg vart forbikjørt av ei framand jente, som eg tok igjen og kjørte forbi (vi holdt på slik et par ganger) før ho forsvant i horisonten ein stad då eg bestemte meg for å snu.
    Hjulene trilla overraskende bra når det hadde fått luft i seg, og styret var forsåvidt greit å holde i.
    Merka at det var tungt å trø, men dette kan skuldast at eg ikkje hadde justert ein optimal setehøgde.

    Alt i alt gjekk det jo fint an å bruke denne sykkelen til sykling. Den var ikkje særleg mykje dårligere enn forventa, sjøl om eg vart litt skuffa når eg såg at den allerede hadde begynt å ruste.

    Det er IKKJE ein terrengsykkel, i og med at den ikkje har nokon slags form for demping på gaffelen. Dei medfølgende dekkene er laga for asfalt, og stort sett det. Men dei var heilt ok.
    Dette er kanskje sykkelen for den som skal ha ein sykkel for å sykle til og fra ein kiosk, eller noko. Og som har mulighet for å oppbevare den tørt. Det er IKKJE ein sykkel for den som ønsker å bruke den aktivt.
    Men heilt grei å ha ståande i eit feriehus (som onkelen min har gjort).

    Men 749,- kr for ein sykkel er grisebillig. sykkelskjorta eg hadde på meg når eg testa den var dyrare enn sjølve sykkelen.

    Men eg trur ikkje eg vil råde nokon til å kjøpe den. Da får du sikkert ein bruktsykkel på finn.no  som held seg bedre, og som man kan pusse opp ved å kjøpe et par billige deler til (om det skulle være behov for det).

    BONUS: Test av div tilbehør fra Biltema!

    Siden eg ikkje er heime i Bergen og hadde tilgang til utstyret eg har heime, var eg innom Biltema i Førde i går for å sjå på sykkelen eg skulle bruke i dag. Då kom eg over et par sykkelhansker til kr 79,-
    Billig. Dei virka heilt ok. Ikkje på nivå med hanskene eg har i Bergen, men dei kosta til gjengjeld 9 gonger så mykje. I følge beskrivelsen skal desse hanskene ha  ei overside av 3D netting og fleece. Innerhånd belagt med polstret amara. No veit ikkje eg kva 3D-netting og armara er, men det er sikkert greit å ha. Iallefall til 79,- kr. Dei var heilt ok å ha på. Lillefingeren på venstre hånd sovna på turen, men eg veit ikkje om dette var pgra hanskene eller pga sykkelstyret på Yoshemite ATB.

    Eg kom OG over ein hendig liten "drikkesekk" som dei kallar det på Biltema. Denne kosta 159,- kr og var ein kopi av den velkjente Camelbak(TM)-sekken.
    Den var behagelig å ha på, og den var isolert innvendig slik at kroppen min ikkje varma opp vatnet. Fungerte glimrende, og var kjekk å ha. Om den kjem til å vare lenge, veit eg ikkje. Men den fungerte.

    Den kan trygt anbefales til alle som synes at originalen er for dyr.
    Det einaste negative er at det står Biltema på ryggen min når eg har den på, og det gir jo et intrykk av at eg har kjøpt den fordi den er billig.... Noko som i og for seg stemmer ganske bra.

    Den inneholder 2 liter vatn, og sjølve drikkeposen kan fjernes for så å putte i ein vanlig sekk om man ønsker dette. Ingen lekasje vart oppdaget då eg brukte den, så eg går ut i fra at den er tett.


    Test av Yosemite (Biltema) ATB
    Created by My Tracks on Android.
    Total Distance: 20,17 km (12,5 mi)
    Total Time: 1:05:42
    Moving Time: 59:56
    Average Speed: 18,42 km/h (11,4 mi/h)
    Average Moving Speed: 20,19 km/h (12,5 mi/h)
    Max Speed: 38,87 km/h (24,2 mi/h)
    Min Elevation: 247 m (810 ft)
    Max Elevation: 276 m (905 ft)
    Elevation Gain: 159 m (521 ft)
    Max Grade: 5 %
    Min Grade: -6 %
    Recorded: lør. mai 14 13:01:35 GMT+02:00 2011
    Activity type: cycling





    torsdag 12. mai 2011

    Android 2.3.3 på Galaxy Tab

    Ja. No er ikkje versjonen offisiell, men den fungerer.
    Den kom ut i Italia i dag, og har allerede havna på XDA (www.xda-developers.com)
    Sjølve installasjonen gikk smertefritt for seg, men eg har no mista alle savinger evt på spill som Angry Birds, Gun Bros o.l
    Har ikkje installert Angry Birds på taben enda, men eg har ærleg talt ikkje spillt det på lenge.
    Norsk ordbok/tastatur fekk eg henta ned fra Android Market.
    Brukte Gingerbread Keyboard, og lasta ned norsk språkpakke.
    Det funker.

    Når det gjelder Gingerbread så har det gjort at min Galaxy Tab er raskere. Veldig mykje raskere.
    Den er faktisk gøy å bruke igjen. Etter at eg installerte Oxygen på min Desire, har eg nesten ikkje brukt min Galaxy Tab.

    Har testa ut notisblokk-appen (Sketch Memo), og trur eg må gå til anskaffelse av ein penn. Ein slik penn som støtter denne type skjerm, altså.
    (Det finnes. Eg har sett det)















    Pulse News Reader var forhåndsinstallert. Men det var forrige utgave, så eg lasta det ned utenom. Men kult at Samsung har integrert den.











    Franks Kosekrok kan nytes på Pulse


















    Men no er det leggetid folkens!
    Legger ved et par screenshots.
    Oooog.....



    Endelig har taben fått html-støtte på Exchange 2003 (!)








    søndag 8. mai 2011

    Sykkeltur til Toska

    Sykla til Toska  i dag.
    Nydelig tur i nydelig vær.
    Var litt skeptisk på om eg skulle ta turen, siden eg drakk i går. Men etter å ha satt i gang, var alle tegn på fyllasjuka vekke.

    View 2011-05-08 12:48 - Bergen -Toska in a larger map

    Fekk testa ut det meste av det nye utstyret eg har investert i den siste tida.

    Ny tettsittende drakt (sykkelbukse og sykkeltrøye), sjølvlysande tysk technojakke, Sykkelhjelm, nye dekk, nyreparerte bremser, sykkelhansker og det nye gigantiske batteriet til HTC Desire.
    Hørte på Spotify heile vegen, samtidig som eg lot Google MyTracks følge heile reisen via GPS:

    Batteriet var på 49% då eg kom fram. Imponerende. Rett og slett.


    Sykkelen. Har satt på skjermer etter
    den grusomme sykkelturen på fredag. 
    Har skada øyet. Trur det skjedde i går. Aner ikkje kva det er, men det svir.
    Et øye.

    Og det renner sånn øyeveske fra det. Eg trur det kalles tårer.

    Får sove på det. Gjør det fortsatt vondt i morgon tidleg får eg droppe å reise til Stavanger, og heller gå til legen.
    Legen kan fikse sånt, meiner eg.



    Jostein Gabriel var kjempeglad for at eg kom fram på hytta!
    Øyet mitt. Eg anar ikkje kva som er gale,
    men det kjennes ut som om eg har noko rusk der inne.
    Ein eller annan plass.